søndag 12. juli 2009

Vatnet er på plass!

Mandag 6. juli var vatnet kobla på att i Einedalen.

Etter fleire mislykka forsøk på å koble til ei reserveløysing på jernrørert fant vi ut at det beste var å byte heile røret.

Stig og Per var arbeidskarar og fant koblinga mellom plastrøret frå brønnen og jernrøret. Koblinga er rett ovanfor enden på vedhuset.

Arbeidskarane

På leiting etter kobling

Ivrig arbeider

Kobling med rust

Som dokke ser så var det på tide at jernrøret var skifta…

Kobling med rust2

Gamalt og nytt rør var kobla.

Vasskobling2

Vasskobling1

Jernrøret er skifta heilt inn til koblinga til trykkpumpa. Stig var rørleggar. Sidan dette er privat brønn kunne vi gjere dette utan å bestille proff rørleggar - vi måtte i tilfelle vente lenge på å få dette fiksa…. I tilbakeslagventilen vart det forresten funne ein bit frå jernrøret.

Rest av jernrør

Det som står att er å grave ny grøft til vassrøret frå koblinga til gamlerøret og inntaket under trappa.

 

blogger templates | Make Money Online