lørdag 20. juni 2009

På leiting etter vassledninga frå brønnen

Torsdag (18.06l09) starta leitinga etter vassledninga for å sjå etter lekkasje.

Første forsøk

Første forsøk – gravde 2 meter frå brønnen. Mykje vatn i holet so optimisma var stor. Men ingen vassrør å finne…

Nok vatn i brønnen

Nok vatn i brønnen. Vi har tetta uttaket så det er ikkje problem verken med vasskjelda eller brønnen. Brønnen er tett! Som både er positivt, men også negativt i og med at problemet då ligg i røra…

Forsøk nr 2 gamle synder

Andre forsøk… Faderen hadde eit “klarsyn” om at røret gjekk ved vedskjulet… Men her dukka det berre opp gamle synder….

Arkeologisk funn

Arkeologisk funn!! E det badestampen hass Dagfinn?? ;)

Her går røret

Endeleg! Her går røret ut av brønnen. Men i “feil” retning (rett aust). Ka he han bestefar tenkt her??

Forsøk 3

Graving  i “rett” retning… men ikkje spor etter røret.

Forsøk 4 ikkje her heller

…ikkje her heller (graving i retning ned mot huset)

Leitinga går vidare

Leitinga går vidare… Brønnen vi har i dag er frå 1959, men huset er bygd tidlegare. Dermed må det ha vore ein eldre brønn. Kan vassledninga frå nyebrønnen vere kobla til den gamle? Rett oppfor har det vore ei grop som kan vere gamlebrønnen. Vi prøver å grave der….

Eit godt forsøk

Eit godt forsøk i rett retning til “nyebrønnen”

Jeg fant jeg fant

“Jeg fant jeg fant!” Her går røret ned til huset. Røret går i retning der vi trur “gamlebrønnen” var.

Vassrør i jern

Her er vassrøret som går ned til huset. Det er eit jernrør som er ganske rusta. Kanskje på tide å bytte ut.

Planen vidare er å grave vidare oppover for å finne koblinga mot “nyebrønnen”.

Ikkje lett å grave her

Som dokke ser så er det ikkje alltid lett å kome til…

Fortsettelse følger…

Vassbrot i Einedalen!

Onsdag (17.06.09) ettermiddag oppførte trykkpumpa seg merkeleg. Den starta oppatt fleire gongar og tok inn jamt med vatn. Eg skrudde av trykkpumpa og sjekka vatnstanden i brønnen. Over halv brønn så det såg ikkje ut som om det var noko problem der. Men etter nokre timar var brønnen tom! Sjekka alle kraner og rør i huset– ingen vasslekasjer å finne - så lekkasjen må vere på utsida.

lørdag 13. juni 2009

Oppussa spiskammers

Det har vore litt dårleg forhold for lagring av mat på spiskammerset. Vi reiv derfor ned taket for å ta vekk eventuell fukt. Etter nedvask var det fortsatt ein snek i rommet så Signe-Marie bestemte seg for å male alle flater. Det er lagt golvbelegg på benken og sett opp nokre nye hyller. Det vart skikkelig flott!

No gjenstår det “berre” å rydde inn att sakene som var lagra der.  Og taket sjølvsagt...

Spiskammers_benk

Spiskammers_benk2

Spiskammers_hyller

Spiskammer_hyller2

fredag 12. juni 2009

Våren 2009

Har tatt meg ein tur rundt i hagen og tatt nokre bilder.

Trur dei kan klikkast på for å få dei større. Enjoy :)

Hunden fra Baskerville
Hunden frå Baskerville… resultat av hjorten sine herjingar i vinter.
Ved nok!
Ved nok!
Mykje godt arbeid her…
Druebonden
Druebonden…
Titt tei
Titt tei!  Valmue kikar ut porten :)
Aromaepleblomst
Epleblomst
Epletre i blomst
Vinterepletre i blomst
Epletreblomst
Epleblomst
Epleblomst mot skyer
Sky’s the limit!
Arv frå Leikong
Arv frå Leikong
Blåblomst
Feilplassert
Litt feilplassert asalia
Frodig oppkjørsle
Velkomne :)
Frodige bed
Her e det grønt og fint :)
Grøn oase
Grøn oase
Rhododendron
Rhododendron i full blomst
Rhododendron i bakken
Rhododendron i bakken
Rhododendronbombe
Rhododendron og stjernetopp i samspel
Valmuer tek over epletredet
Hjelp valmuene tek over! Her e eit epletre ein plass!
 

blogger templates | Make Money Online