lørdag 20. juni 2009

På leiting etter vassledninga frå brønnen

Torsdag (18.06l09) starta leitinga etter vassledninga for å sjå etter lekkasje.

Første forsøk

Første forsøk – gravde 2 meter frå brønnen. Mykje vatn i holet so optimisma var stor. Men ingen vassrør å finne…

Nok vatn i brønnen

Nok vatn i brønnen. Vi har tetta uttaket så det er ikkje problem verken med vasskjelda eller brønnen. Brønnen er tett! Som både er positivt, men også negativt i og med at problemet då ligg i røra…

Forsøk nr 2 gamle synder

Andre forsøk… Faderen hadde eit “klarsyn” om at røret gjekk ved vedskjulet… Men her dukka det berre opp gamle synder….

Arkeologisk funn

Arkeologisk funn!! E det badestampen hass Dagfinn?? ;)

Her går røret

Endeleg! Her går røret ut av brønnen. Men i “feil” retning (rett aust). Ka he han bestefar tenkt her??

Forsøk 3

Graving  i “rett” retning… men ikkje spor etter røret.

Forsøk 4 ikkje her heller

…ikkje her heller (graving i retning ned mot huset)

Leitinga går vidare

Leitinga går vidare… Brønnen vi har i dag er frå 1959, men huset er bygd tidlegare. Dermed må det ha vore ein eldre brønn. Kan vassledninga frå nyebrønnen vere kobla til den gamle? Rett oppfor har det vore ei grop som kan vere gamlebrønnen. Vi prøver å grave der….

Eit godt forsøk

Eit godt forsøk i rett retning til “nyebrønnen”

Jeg fant jeg fant

“Jeg fant jeg fant!” Her går røret ned til huset. Røret går i retning der vi trur “gamlebrønnen” var.

Vassrør i jern

Her er vassrøret som går ned til huset. Det er eit jernrør som er ganske rusta. Kanskje på tide å bytte ut.

Planen vidare er å grave vidare oppover for å finne koblinga mot “nyebrønnen”.

Ikkje lett å grave her

Som dokke ser så er det ikkje alltid lett å kome til…

Fortsettelse følger…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

 

blogger templates | Make Money Online